|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Av
Inge Bergset
Tanken er at denne sida skal utviklast
og supplerast etter behov. Så har du ein kommentar eller noko
å spørje om, så ta kontakt, så kjem det ei
setning eller fleire om det temaet du tek opp. |
PORTRETT
Det
er ikkje alltid ein har kontroll over tilhøva der ein skal fotografere,
men dei gongene ein HAR det, kan ein prøve å passe på:
|
105mm
objektiv med 35mm kamera.
Bakgrunnen blir passeleg uskarp. Berre naturleg lys. |
KAMERAHØGDE
I FORHOLD TIL MODELLEN.
Tar du portrett
og held kameraet høgare enn augo til modellen, vil det kunne sjå
ut som modellen er litt nedtrykt, sliten, redd etc. Om du derimot har
kameraet litt lågare enn augo til modellen, vil modellen sjå
stor, sterk, sikker og dominerande ut. Dette er hovudregelen. Men ein
kan sjølvsagt og ta portrett der dette har mindre betydning - litt
friare løysingar som når modellen sit oppe i eit tre - eller
kikar ut av eit vindauge - eller ligg i hengekøya - eller kvarsomhelst
berre det blir eit godt bilde!
Til toppen
LYSKJELDER
Såkalla
hardt lys lagar skarpe skuggar - for eksempel lys frå
ei lyspære utan skjerm, frå ein vanleg blits eller frå
sola. Hardt lys kjem frå eit punkt - eller frå eit lysande
objekt som er lite i forhold til avstanden til motivet. Frå motivet
/ modellen ser då lyskjelda ut som ein lysande flekk.
Mjukt
lys kjem frå ei stor flate i forhold til avstanden til
motivet. For eksempel om vi set ei kraftig lampe (eller ein blits) mot
ein kvit vegg, er det HEILE den opplyste delen av veggen som blir lyskjelde.
Då kan vi få mjuke, fine overgangar mellom lys og skugge på
motivet / ansiktet.
Isopor
og andre reflektorar:
Ein billeg måte å lage mjukt lys på er å bruke
ei isoporplate som ein retter lampa eller blitsen mot. For profesjonell
bruk finst det og ulike typar reflektorar og paraplyar som ein kan bruke
saman med blitsanlegg og lamper. Men isopor er billeg og lett, men du
vil oftast trenge hjelp av nokon till å halde isoporplata. Og den
som held plata, må konsentrere seg, for det skal lite "sleiving"
til før det reflekterte lyset bommar på motivet. Den mest
vanlege storleiken på isoporplater til "heimebruk" er
1 x 0,5 meter. Får du tak i større plater - f. eks. 1 x 1
meter, kan dei gi endå mjukare lys om du lyser opp heile plata med
blitsen / lampa. Plata bør vere minst 2,5 cm tjukk. Elles vil ho
lett gå sund.
Softboks: Ein softboks er ein "boks" av stoff
som du plasserer framfor lampa. Den har gjennomskinleg, kvit front og
svarte eller sølvfarga innsider rundt. Open bak der du har feste
for lampa. Softboksar kan som regel slåast saman slik at dei tek
liten plass om dei skal transporterast.
Hvis du brukar ein softboks på ei lyskjelde som i utgangspunktet
gjev hardt lys - for eksempel framfor ei glødelampe eller ein blits
- så får du mjukt lys og dermed mjuke overgangar mellom lys
og skugge på modellen / motivet. Softboksar blir laga i "alle"
storleikar, frå små boksar til å sette på ein
kamerablits eller blits som du held i handa - til svære boksar på
eit par meters breidde. Desse siste er helst tenkt til bruk på større
studioblitsar innandørs. Med litt rigging og i bra vêr kan
dei sjølvsagt også brukast utandørs.
Segl:
Ein kan og få kjøpt gjennomskinlege segl som ein
spenner opp på store rammer over eller litt på sida av aktørane.
Segla er så store at fleire personar kan vere under seglet og få
mjukt lys på seg sjølv om det er sol. Blir ofte brukt på
filmopptak, men kan og brukast på større fotoshoots.
Store flater med LED-lamper: Spesielt til filmlys blir
det no også bruke lamper med mange led-lys på ei stor flate.
Mange storleikar. Fordelen med desse lampene er at dei ikkje krev så
svært mykje straum. Sidan den lysande flata er stor, så gjev
dei mjukt lys i utgangspunktet. Eit godt alternativ til å bruke
kraftige lamper mot ein reflektor. Desse lampane blir heller ikkje særleg
varme, så det er liten fare for at du startar ein brann i løpet
av opptaket.
Blitslys:
På billege kamera er blitsen innebygd, peikar rett fram og kan ikkje
snuast. Og er ofte nokså svak.
Om kameraet
ditt kan bruke separat blits, kan det vere greit å vite følgjande:
proffe blitsar er ofte bevegelege: Den nedre delen som er festa i blitsskoen
på kameraet har ei fotocelle som peikar framover og måler
lyset i det blitsen går av. Så er den øvre delen av
blitsen bevegeleg og kan rettast oppover, til sidene og bakover. Fotocella
som peikar mot motivet regulerer lyset uansett kva retning blitsen peikar.
Indirekte
lys blir mykje svakare: Ein må hugse på at det blir
mykje svakare lys når blitslyset går indirekte enn når
blitsen peikar rett mot motivet. Det kan være snakk om 2 til 4 blendarar
svakare, alt etter kor lys reflektoren / veggen / taket er og kor lang
veg lyset må gå totalt . Ein blits som skal brukast på
denne måten må være ganske kraftig. Den bør gjerne
ha eit LEDETAL som er opp mot 40 eller meir. Ledetalet er angitt for 100
ISO og er: Avstanden til motivet X korrekt blendaropning når blitsen
er retta mot motivet. Om vi no tenkjer oss ein blits med ledetal 40 og
rettar den mot eit motiv som er 10 meter unna, skal ein bruke blendaråpning
4. 4x10 = 40 OK? På moderne blitsar treng ein ikkje tenkje så
mykje på dette. Ein treng ofte berre å stille inn same ISO-verdi
bak på blitsen som på kameraet og så kan ein knipse
i veg.
Men
altså: Er blitsen ikkje av dei sterkaste, kan det hende bildet blir
for mørkt sjølv om alt skulle skje automatisk. Eit eksempel:
Ein skal ta bilde av eit motiv som er 5 meter borte. Ein blits med ledetal
16 blir retta indirekte mot ei isoporplate som er vel ein meter til side
for / halv bak kameraet. Også isoporplata er rundt 5 meter frå
motivet. Då må lyset totalt gå vel 6 meter. Og på
grunn av at lyset spreier seg nokså mykje frå isoporplata
misser ein rundt 2 blendarar meir enn om lyset hadde gått vel 6
meter rett frå blitsen mot motivet. Reknestykket kan då bli
sjåande slik ut ved 100 ASA (ISO): Ledetal 16 delt på 6 blir
nesten blendar 2,8. Det går bra på mange objektiv, men når
lyset går via isoporplata misser ein altså 2 blendarar. Blendaren
skulle då ha stått på rundt 1.4, og det er ikkje så
mange objektiv som er så "lyssterke". Med andre ord blir
bildet i dette tilfellet altfor mørkt uansett kor mykje fin automatikk
kameraet og blitsen er utstyrte med. Nyare kamera kan stillast inn med
høge ISO-verdiar. Det kan hjelpe i mange slike tilfelle.
Hadde
du retta blitsen rett mot motivet som sto 5 meter unna,
ville reknestykket blitt: 16 del på 5. Det blir litt over 3. Ein
grei blendar, men lyset ville blitt hardare. Men med store blendaråpningar
- lite blendartal - vil det og bli eit svært kort område bakover
som blir skarpt. Ved portrett er det ofte berre ein fordel.
Om rommet
du er i har trekvite eller litt mørke fargar, kan det vere vanskeleg
å bruke vegger / tak som reflektor. Det må i alle fall vere
i eit nokså lite rom. Sidan det er taket (eller veggen) som blir
lyskjelda, vil det reflekterte lyset få noko av same fargen som
taket eller veggen. Er det ein raud vegg, vil lyset bli raudt, og fotoet
vil få noko (eller mykje) av same fargen. Er det såkalla "varme"
fargar på veggen / taket kan dette ofte bli bra likevel, men om
veggen eller taket har "kalde" fargar - for eksempel grønt eller
blått, kan lyset på motivet blir ganske underleg. Då
kan lyset kanskje best passe til å lage spøkelsesbilde med.
PORTRETT
I NATURLEG LYS UTE OG INNE.
UTE:
Sol:
Ute er det oftast sola som dominerer. I "knallsol" kan det vere litt vanskeleg
å få gode bilde, både fordi skuggane blir skarpe og
fordi det er vanskeleg for modellen å la være å myse
mot det sterke lyset.
|
|
Nesten
reint motlys kan og bli fint. Då bør ein ofte ha ein
reflektor (for eksempel isopor) for å lyse opp skuggane i
ansiktet til modellen. Lyset i ansiktet blir då svært
mjukt. Ein kan og bruke blitsen på kameraet til å lette
opp skuggar. Og så må ein passe på at ikkje sola
lyser på frontelementa av objektivet.
Om
sola er rett utanfor bildekanten kan du ofte lage ein "solblendar"
ved å halde handflata så langt framfor kameraet som
du kan og passe på to ting - at det ikkje fell lys direkte
på objektivet (ein ser ofte at søkaren blir litt blassare
når sola treff glaset fremst på objektivet). Og så
må ein passe på å halde handa så høgt
at den ikkje kjem i bildet! |
Lyset
er nesten rett bak modellen
Utan reflektor, men den kvite blusen lyser litt opp i ansiktet.
Bakgrunn: Husvegg i skugge |
|
Blits
for å lette opp skuggar:
Ofte vil bildet bli mykje betre om du brukar blits for å lette opp
i skuggar i ansiktet. Dette gjeld spesielt om modellen står slik
at det fell lite lys i ansiktet. Om lyset kjem mest bakfrå - eller
mest ovanfrå - inne mellom trea i ein skog - eller inne mellom høge
bygningar. Moderne kamera har gjerne automatiske innstillingar for å
lyse opp skuggepartia med blitsen. Du må berre passe på at
blitsen er slått på. Om det er ein separat blits må
den og ha korrekt ISO-innstilling.
|
Disig
sol. Blits for å lette opp ansiktet. Blitsen kunne vore litt
svakare. |
Overskya:
I overskya vêr kan det og bli fine bilde, men ein må vere
merksam på to ting: Lyset kan blir litt FOR flatt - dvs. at det
blir litt kjedeleg lys og modellen blir bleik og "flat". Det andre er
at det blir blåare lys enn når sola er framme. Ein bør
derfor (i alle fall på film) bruke eit såkalla "skylight-filter"
som har ein SVAK varm farge. Då blir det finare hudfargar. Slikt
filter kan ein og med fordel bruke på landskapsbilde når det
er overskya. Fargane blir meir slik du opplever dei med augo. Digitalkamera
med kvitbalansen stilt på Automatisk vil til ein viss grad fjerne
effekten av skylightfilteret.
Disig:
Om det er ein fin dag, men litt disig, eller sola skin gjennom tynne skyer,
er det ofte fint lys for å ta portrett.
Ein
gammal regel er at fotografen "skal" ha lyset skrått inn frå
sida bak seg. Då får modellen gjerne lyset meir på den
eine sida av ansiktet enn på den andre. Men det kjem framleis lys
på begge kinn, sjølvsagt alt etter korleis modellen snur
seg. I dei fleste tilfelle er det og finast om lyset også treff
det auget som er på skuggesida av ansiktet.
Og
nasen på modellen bør peike mot samme sida av kamera-/modellaksen
som hovudlyskjelda står.
For
å illustrere litt av gunstige / ugunstige lysretningar kan vi fyrst
tenkje oss at modellen står i aksen i ei klokke som ligg flat på
marka. Klokka 12 er i dette eksemplet den vegen nasen peikar. Lys som
kjem frå "klokka 10" eller "klokka 2" og treff ansiktet til modellen
kan bli fint. Hvis lyset treff modellen litt bakfrå - for eksempel
frå "klokka 8 eller 4", vil det ofte bli litt stygge skuggar i ansiktet
på modellen. Begge augeholene blir mørke, og det kjem LITT
lys på nasen.
Men
som i all fotografering: Det kjem an på kva stemning og stil du
er ute etter! "ALT" kan bli fint / dramatisk / hesleg om ein
jobbar bevisst med bildet.
MELLOM
UTE OG INNE:
LYS
FRÅ VINDAUGE:
Det kan ofte bli ganske fine portrett om modellen sit ved eit vindauge
og ser ut. Hvis ikkje sola skin inn gjennom vindauget, vil lyset gjerne
vere nokså mjukt og fint. Modellen bør sitje eller stå
med føtene peikande langs veggen. Fotografen bør stå
- eller sitje - framfor modellen slik at ein tar bilde omtrent parallelt
med veggen. Då vil ein få bra bilde av modellen og gjerne
litt av glaskarmen eller gardin.
Om dagen
er det sjeldan mogeleg å få med seg noko av utemiljøet
i slike bilde fordi det vil vere mykje lysare ute, gjerne så lyst
at utemiljøet blir heilt kvitt når ansiktet til modellen
er rett eksponert.
Hvis
også veggen bak modellen er opplyst, kan det bli litt uroleg bakgrunn,
men om vindauget ikkje er spesielt stort, vil det ofte bli ganske mykje
mørkare i rommet bak modellen. Hvis ein og brukar litt teleobjektiv
- kanskje 50 til 100 mm - vil bakgrunnen og bli litt uskarp, noko som
kan vere ein fordel.
|
|
|
Modellen
ved vindauge. Ikkje ekstra lys |
|
Modellen
ved vindauge. Ei lampe bak modellen for å lyse opp hår
/ skilje modellen frå bakgrunn.. |
|
|
|
Modellen
ved vindauge. Lys indirekte mot ei isoporplate like vd kameraet. |
|
|
OVERGANGSLYS
VED VINDAUGET:
(Overgangslys:
Kveldslys eller morgonlys). Ein kan og ta fine bilde om kvelden like
etter at sola har gått ned. Hvis ein stiller opp modellen slik eg
har nemnt ovanfor og lyser opp ansiktet med ei vanleg innelampe - eller
ei kraftigare lampe snudd FRÅ modellen mot ei isoporplate eller
ein reflektor - kan ein få fint lys i ansiktet på modellen
og samtidig sjå landskapet utanfor der det er nokså blått.
Du kan og bruke ei slik 500 Watts arbeidslampe som ein får kjøpt
hos byggevarefirma. Dei blir og leverte med stativ og er mykje rimelegare
enn profesjonelt fotolys. Men ei slik kraftig lampe må du passe
på! Det skal lite til før det tek fyr i gardiner eller anna
brennbart som kjem nær lampa!
Brukar
du digitalkamera kan du sjå med ein gong om utelys og innelys passar
godt i lag. Lampa som skal lyse opp modellen bør stå like
nær veggen som modellen, slik at ikkje det blå utelyset dominerer
i ansiktet.
Ein
kan eksperimentere litt med plassering av lampa. Om ein set lampa halvvegs
BAK modellen, slik at modellen får litt lys i håret og på
det kinnet som vender innover i rommet kan det og bli bra bilde. Overgangslys
som passar til slike bilde får ein berre ei kort stund om morgonen
og om ettermiddagen / kvelden. Kanskje ein halvtime eller vel så
det kan ein jobbe slik før det blir for mørkt eller for
lyst ute.
Til toppen
STUDIO
OG INNELYS:
Naturleg
lys: Det kan bli fine bilde i innelys om du stiller opp modellen
fint i forhold til det lyset du vil bruke. Sidan alt vanleg innelys er
mykje svakare enn blits og dagslys, kan det hende du bør bruke
stativ - eller i alle fall sitje eller stå slik at du kan stø
kameraet mot eit eller anna. Det kan godt hende lukkartida blir på
opp til eit sekund, og då må både du og modellen vere
i ro om det skal bli skarpt! På nyare digitalkamera kan du bruke
høg ISO-verdi slik at du slepp svært lang lukkartid.
Du
kan lage eit stemningsfullt bilde der det ser ut som ansiktet til modellen
er opplyst av eit stearinlys. Eit slikt bilde må du vel vente med
å ta til det blir litt halvmørkt ute. Ellers kan det bli
lyset som kjem inn vindaugo som dominerer.
Du
kan gjere det slik: Modellen sit ved eit bord og stearinlyset står
på bordet. Med SVÆRT lysfølsomme kamera kan det hende
du får nok lys i ansiktet berre av stearinlyset, men ofte må
du "hjelpe til" litt. Du har stearinlyset i bildet, men litt
utanfor bildekanten har du ei lampe, gjerne med ein skjerm med litt varm
farge. Lampa må vere i same høgde som stearinlyset. Det blir
eigentleg dette lyset som lyser opp ansiktet. Pass på at det ikkje
blir tydeleg skugge av stearinlyset på modellen eller på bordet!
Då ser ein fort at du har "juksa".
Ulike
lyskjelder i heimen: Du kan bruke både leselamper, stålamper
og andre lyskjelder for å få bra lys på modellen. Det
viktige er at modellen og lyset kan plasserast på ein bra måte
i forhold til kvarandre.
LAGE
EIT ENKELT STUDIO:
Kan du disponere eit rom berre til fotografering? Då er
du heldig! Då slepp du å rigge til kvar gong du skal ta bilde.
Men det kan og hende at du kan rigge opp eit enkelt midlertidig studio
i heimen.
Skissene nedanfor her viser eksempel på rigging for portrettfoto
med ein og to lamper (blits). Vi lagar relativt mjukt lys frå begge
lyskjeldene, slik: Det eine lampa (blitsen) er montert bak ein softboks,
og den andre lyser mot ein reflektor eller ei kvit flate (for eksempel
isoporplate eller kvit vegg) som då gjev litt lys i skuggane på
motivet. Du må prøve deg fram med styrken lampene for å
få rett eksponering. Flytt lampene rundt og prøv deg fram!
OBS: Om du ikkje er ute etter spesielle lyseffekter, bør lyskjeldene
hevast til godt over augehøgda til modellen. Gjerne slik at lyset
peikar mellom 30 og 45 grader ned mot modellen. Her er nokre eksempel
på plassering av lyskjelder og modell, sett ovanfrå:
|
|
|
Eksempel
1: "Studioet" ferdig rigga.
Utstyr: 2 lamper (blitsar), ein softboks, ein reflektor eller
kvit flate.
Oppsett: Lampe (blits) i softboks som hovedlys. Lampe (blits)
mot reflektor eller kvit flate bak og litt over kamera for å
lette opp skuggane.
|
|
Eksempel
2: Frontalt portrett med mjukt lys.
Utstyr: 1 lampe (blits) i softboks.
Oppsett: Softboksen like ved og over kamera. Modellen frontalt.
Alternativt lys: Blits indirekte mot reflektor / kvit flate. Plassert
omtrent som blitsen som er retta mot reflektoren i eksempel 1.
|
|
|
|
Eksempel
3: Profil med store, mørke parti.
Utstyr: 1 lampe (blits) i softboks.
Oppsett: Modellen ser nokså mykje mot sida. Lyset plassert
på bortsida av blikkretninga til modellen - altså på
bortsida av ei tenkt linje rett framover frå ansiktet til
modellen.
Resultat inne eller i lite opplyst område:
Eit bilde med nokså stor kontrast, der profilen av personen
er opplyst, medan resten av hovudet er nokså mørkt.
Resultat i lyst område eller ute i dagslys: Du
kan modellere ansiktet med dette lyset. Bruk lyset forsiktig, så
ikkje resultatet blir sjåande kunstig ut. |
|
Eksempel
4: Halvprofil av modellen, Lyset rett framfor modellen.
Utstyr: 1 lampe (blits) i softboks. Dette blir ein slags mellomting
mellom eksempel 2 og 3. Kan gi fine bilde.
Du kan
og be modellen sjå rett mot kamera med same plassering av
lyset.
Blir som regel finast bilde om det fell lys også på
det auget som er "på skuggesida".
|
|
Dette
var nokre få eksempel. Prøv deg og fram med andre oppsett
og lyskjelder! |
Her
er ein Youtube-video med ein som lagar studio heime. Rommet du brukar
må ha litt storleik for at det ikkje skal bli kaos. Han brukar vel
Canon blitsar, men Nikon har tilsvarande funksjonar på sine blitsar.
HER
ER VIDEOEN
Blitsar til mindre fotostudio: Her finn du ei samanlikning mellom studioblitsar
og kamerablitsar. I eit portrettstudio vil kraftige småblitsar gi
nok lys, men skal du gjere jobbar på location i større lokaler
- eller skal du lyssette grupper, større gjenstandar eller store
flater - så vil du gjerne trenge studioblitsar som er mykje kraftigare.
Fordelane med
dei ulike blitstypane er drøfta her: HER
Kor mykje utstyr?: I eit permanent studio bør ein ha 2, helst 3
blitsar med store og mindre softboksar og ein snoot - eit "rør"
som gjer at du får ei lyskjegle som ikkje "sølar"
lys på det som er rundt - om du ynskjer mørk eller svart
bakgrunn. Og ulike refleksdingsar som paraplyar, skjermar eller isoporplater.
Ein kan og sjølvsagt leike seg med ting FRAMFOR lyset: greiner,
filter eller gjenstandar som lagar interessante skuggar på eit ansikt
eller andre motiv.
I eit permanent studio kan ein vurdere å ha eit bakgrunnsoppheng
med tre eller fleire lange rullar med bakgrunnspapir. Ein skifter bakgrunnar
ved å dra dei ned etter behov. Ei standard bredde er 2,75m. Papirbakgrunnar
(rullar) til slike oppheng får ein kjøpt i mange fargevariantar.
I praksis treng ein gjerne berre nokre få: Svart, lys grå
og kvit. Så kjøper ein fleire når behov oppstår.
HØGDA
PÅ LYSET:
Om lyset står høgt eller lågt i forhold til modellen
har og mykje å seie for resultatet. Det vanlegaste lyset for portrett
kjem skrått ovanfrå og litt frå sida, omtrent 45 grader
frå sida og 45 grader ovanfrå. Ein må prøve seg
litt fram med plasseringa av lyset slik at det treff begge augo på
modellen, også det kinnet / auget som er lengst frå lyskjelda.
Om
ein senkar lyset slik at det er omtrent i høgde med ansiktet til
modellen, blir modellen lenger i ansiktet. Mellom anna ser det ut som
nasen har blitt lenger. Om modellen har dobbelthake vil den og bli større
/ tydelegare om lyset står lågt.
Om
ein senkar lampa endå meir og let lyset kome nedanfrå, vil
det ofte sjå kunstig ut. Vanlegvis er det ikkje noko lys som treff
ansiktet på den måten. Men ein kan bruke dette til å
lag ulike stemningar og "spøkelseslys". En vanleg måte
å lage "skræmande" lys på er å la l'yset
treffe ansiktet nedanfrå. Du kan ta ei lommelkt og stå framfor
ei spegel med lykta rett under ansiktet. Vart du redd no?
LAGE
MØNSTER:
Du
kan og eksperimentere med ulike former eller masker som du held framfor
lyset. Greiner med lauv kan gi interessante effektar. Og har du ei stor
papp-plate eller eine "veggen" frå ei stor pappkasse,
kan du klippe nokre hol med ulik form og storleik i plata. Start gjerne
med berre EITT litt mangekanta hol og prøv deg fram med det fyrst.
Ikkje for stort. Så kan du lage fleire hol eller forandre forma
på holet etterkvart. Så held du plata mellom lyset og modellen.
Når du flyttar plata litt vil du sjå at lyset som treff ansiktet
lagar mange spennande mønster. Slik kan du lage bilde som ser litt
skumle ut - nært av eit ansikt der nesten berre augo er opplyste
- eller flekkete lys fra sida mot ansiktet. Som regel er lys som treff
eitt eller begge augo viktig i bileta.
For
å feste plata er det ein fordel om du kan bruke eit stativ, gjerne
eit lysstativ eller anna. Ei gardintrapp kan og brukast om du ikkje har
noko anna for handa - eller du kan få ei tolmodig sjel til å
halde plata for deg.
FINT
LYS:
Hvis du Googlar målaren Rembrandt, så er det ofte hans bilde
som blir brukte som eksempel på fint lys på interiør
og personar. Og så kan du fundere på korleis du ville arrangert
lyset for å få same lysretning og lage det same mjuke lyset
som Rembrandt har måla.
Til
toppen
NATUR
/ LANDSKAP
Sjølv
om det vi kallar finvêr og kan vere godt fotovêr, er det ofte
det UVANLEGE lyset eller det uvanlege vêret som gjer at eit naturbilde
blir spesielt fint eller spennande: Lys i uvêr - og like ETTER uvêr,
morgonlys, kveldslys, lange skuggar om morgonen og om kvelden.
Hausten
er ei flott tid for å fotografere natur. Då er det mange fine
fargar i hagar, skog og fjell. Sjølv om vêret kan vere ruskete
av og til, kan det ofte vere svært fint lys. For eksempel når
sola etter ein regnskur bryt gjennom skyene og lyser på ein liten
del av landskapet medan alt rundt er nokså mørkt og med tunge
skyer over. Fargane i det området som er opplyst kjem sterkt fram.
Men sidan slike "spotlys" berre treff ein liten del av landskapet, kan
ein fort kome til å måle lyset feil slik at bildet blir for
lyst. Har ein god spotmåling på kameraet, er det ein stor
fordel. Då måler ein lyset i den opplyste "flekken" i naturen
og resten får bli som det blir. At det er mørkt rundt kan
bli ganske flott og dramatisk. Slik kan ein få stemningfulle bilde
av f. eks. ei grøn eng eit stykke unna - haustfarga skog - ei klynge
med hus - eller andre motiv.
Komponering
av landskapsbilde:
Du kan
prøve to "ytterpunkt" i landskapsfotografering straks: Det eine
er med vidvinkel - det andre med tele.
Landskap
med vidvinkel.
Når du brukar vidvinkel er det gjerne for å vise eit stort
område - ei imponerande rekkje med fjell - eller eit anna motiv
som er breidt og stort. Men ofte kan slike bilde bli nokså "flate"
og detaljane blir små og puslete. Det kan ein gjere noko med, og
her er framgrunnen viktig. Brukar du ganske vid vidvinkel - for eksempel
18mm på digitalkamera med 2/3 brikke, tilsvarande 28mm på
35mm film, må du kanskje også nokså NÆR framgrunnen
for at bildet skal bli fint.
|
|
 |
Med
28mm objektiv på 35mm kamera |
Står
du nede ved sjøen og vil ta eit bilde som viser naturen på
andre sida av fjorden kan det hende du får eit bra bilde om du står
på huk eller legg deg på magen slik at du får nokre
fine runde steinar, nokre blomster, ei stor trerot - eller eit anna karakteristisk
motiv i forgrunnen. Denne forgrunnen kan gjerne dekke ein tredel av bildet.
Då er det noko å kvile augo på både nær
og langt unna på bildet. Eg tykkjer at slik framgrunn bør
ha reine, store former. Tynne greiner og kvister i forgrunnen tykkjer
eg ikkje ser så pent ut. Det ser ofte ut som "rusk".
Landskap
med teleobjektiv.
Her må du ofte tenkje på ein litt annan måte enn når
du brukar vidvinkel. Rettar du telelinsa mot motiv langt unna - spesielt
mot fjell, åsar eller øyar som ligg bak kvarandre i fleire
"lag", kan du tenkje på landskapet / motivet som plater
som er "klipt" ut i papp med ulike fargar og stabla bak kvarandre. Som
regel mest i blått og blågrått, men om kvelden kan det
og vere orange, gult og raudt. Det gjeld å plassere desse flatene
/ formene i søkaren slik at det blir fin balanse i bildet - at
ikkje all "tyngda" eller alle dei sterkaste fargane i motivet ligg på
eine sida.
|
105mm.
Transsylvanske alpane, Romania |
Spesielt
når det er motlys i slike motiv blir den sida av fjella / landskapet
som vender mot deg nesten utan detaljar på grunn av skugge - eller
dis i lufta. Det forsterkar inntrykket av at silhuettane er "klipte"
ut.
|
"Napoleon"-profilen.
Engeløya, Steigen |
Til
toppen
ULTRANÆRE
BILDE. MAKROFOTO.
Vi du ta bilde av blomster eller insekt, bittesmå gjenstandar, eller
små detaljar eller struktur i overflata på eit motiv? Då
får du best resultat med eit makroobjektiv - eller objektivet bør
ha makro-funksjon slik at du kan gå svært nær motivet,
gjerne berre nokre få centimeter ifrå og framleis få
skarpt bilde.
Manuelle
objektiv.
Ein del eldre objektiv er heilt manuelle, det betyr at både fokus
og blendar må justerast for hand for kvar ny bildevinkel / motiv.
Når du skal justere fokus med eit manuelt objektiv, er det best
å opne til full opning som kan vere f eks 2.8 eller 4. Då
er fokusområdet kortast, og dermed er det lett å stille skarpt
på den delen av motivet som du ynskjer. Så blendar du ned
til den blendaren du vil bruke når du tar bildet.
Makroobjektiv.
Nyare makroobjektiv har autofokus. Eldre objektiv er manuelle. Prinsippet
for eit makroobjektiv er at fokuseringssnekka er ekstra lang. Når
du vrir på fokuseringsringen, så kan du flytte linsene i objektivet
lenger framover enn på andre objektiv.
|
Same
makroobjektiv på nærgrensa og på uendeleg. |
Med nokre slike objektiv
kan du fotografere i 1:1 og større. Det vil seie at bildet på
bildebrikka er like stort som den delen av motivet du fotograferer. Eit
frimerke - eller ei fluge - kan fylle nesten heile bildeflata. Med BELG
kan du kome ekstra nær objektet.
|
Det
vanlegaste utstyret for makrofotografering |
Mellomring:
Mellomring brukar
du mellom kameraet og det "vanlege" objektivet ditt. Dei enklaste
mellomringane er rett og slett eit "rør" som flytter
objektivet ditt lenger fram. Litt dyrare mellomringar har ei overføring
til blendaren i objektivet. Med mellomringen påmontert kan du ta
makrobilde, men skal du igjen ta bilde på litt avstand, må
du demontere mellomringen og sette objektivet rett på kamera.
|
Utstyret
når du brukar belg. |
Belg.
Med belg kan du ta ekstreme nærbilde. Belgen sit på ei skinne
som du monterer på stativ. Med eit hjul på eine sida av belgen
fokuserer du ved å flytte objektivet fram og tilbake på skinna.
Med eit hjul på andre sida kan du vanlegvis flytte heile oppsettet
med kamera og belg litt fram og tilbake på stativet. Dermed slepp
du å flytte stativet for finjustering.
Makroobjektiv
berekna for belg.
Makroobjektiv som er berekna for belg manglar iblant forkuserinssnekke.
Dette fordi du brukar belgen til å fokusere med og treng difor ikkje
fokusringen på objektivet. Desse objektiva kan ikkje brukast rett
på kamera fordi du då ikkje kan fokusere.
Vinkelsøkar:
Det kan vere nokså vanskeleg å sjå gjennom søkaren
når kameraet står heilt nede på marka. Derfor kan ein
til mange kamera få kjøpt vinkelsøkar. Denne passar
i spor på sidene av okularet - søkaren - på kameraet.
Då kan du sjå motivet ved å sjå rett ned i vinkelsøkaren.
Mange vinkelsøkarar har og ei innstilling for å forstørre
motivet X 2 eller 2,5 slik at det blir lettare å fokusere.
Vinkelsøkaren
har og ei eiga fokusinnstilling av okularet, rett under
"augemuslingen" (den gummipakninga som du har nærast auget).
Denne okularjusteringa må du rotere slik at bildet blir skarpt sett
med dine auge. Hvis denne justeringa ikkje blir tilpassa dine auge, vil
alt vere litt uskarpt i søkaren og du vil ikkje kunne kontrollere
om du har korrekt fokus gjennom objektivet.
Vribar
LCD-skjerm.
Digitalkamera har ofte vribar LCD-skjerm. Du kan sjå bildet ovanfrå
og treng ikkje ligge med nasen ned på marka for å sjå
gjennom søkaren. Refleksar på skjermen kan likevel vere eit
problem. Til fleire kamera kan ein kjøpe ein solskjerm - ei "trakt"
med opning for auga som gjer at det ikkje kjem sollys på LCD-skjermen.
Har
du ikkje makroobjektiv? Kan du kome så nær som ein liten halvmeter
frå motivet, kan du framleis ta nærbilde av litt store blomster,
rare røter og greiner og andre detaljar.
Det
er ganske mykje å passe på om ein skal få gode nærbilde
av blomster. Start gjerne med litt STORE blomster i blomsterbed - eller
nyperoser, revebjøller, turt eller tyrihjelm eller andre store
blomster ute i naturen. Om hausten kan det og vere svært mange fine
blad, både medan dei enno heng på treet og etter at dei har
ramla ned på marka.
|
|
 |
Utan
makroobjektiv. Ca. 40 - 50 cm frå motivet. |
Når
ein tek slike nærbilde vil ein ofte konsentrere seg fullt og heilt
om den blomsten eller det vesle motivet ein skal ta bilde av. Når
ein så ser det ferdige bildet, er det masse forstyrrande visne strå
bak motivet - eller andre kvister og strå som gjer at det går
linjer i mange retningar som "rotar til" bildet. Hvis det er sol kan det
i tillegg bli ein god del lyse flekkar i bakgrunnen der sollyset treff
strå, kvist, lyse treleggar, skyer, himmel.
|
Med
makroobjektiv.
Øyentrøst. Sjølve blomsten er berre 3 - 4 millimeter
stor.
Legg merke til kor lite område som blir skarpt innover i bildet
- berre nokre få millimeter! |
Bakgrunnen
nær blomster og andre slike motiv ER gjerne full av kontrastar og
er "rotete", og det er ei utfordring. Bruk god tid. Blomsten spring ikkje
sin veg. Det kan hende ein må "luke" litt - ta bort gule strå
som du ser gjennom kameraet - fjerne strå som er helt inntil den
planten du vil ta bilde av - fjern andre plantar eit stykke bakover slik
at berre blomsten og stilken på "din" plante blir skarp og bakgrunnen
blir uskarp. Nokre fotografar brukar også reint "juks" og plasserer
ein bakgrunn bak planten - f. eks. ei plate eller eit klesplagg med litt
dus farge som lysblå, mosegrøn eller mørk eller svart.
Då må ein passe på at det ikkje blir skugge av planten
på denne bakgrunnen, for då vil det sjå rart ut. Den
bakgrunnen du plasserer slik bak planten må vere så langt
unna at den blir heilt uskarp på bildet. Men ved makrofotografering
skal det ikkje så mange centimeter til før det blir uskarpt
"nok".
Eit
eksempel:
|
Med
makroobjektiv.
Knoppar på syrinbusk fotografert med 100mm makro. Litt beskjæring
i etterkant. |
Forenkle makrofotograferinga.
Ein kan gjere makrofotograferinga
enklare på fleire måtar. Om motivet er ein plante: treng planten
stå på rota eller kan du flytte den til ein plass der det
er enklare å jobbe? Husk at ein del plantar visnar veldig fort etter
at du har fjerne dei frå rota, så du må gjerne bruke
ein "treningsplante" fyrst, før du tar bilde av den som
skal vere hovedmotivet ditt. Og blåveis og ein del andre plantar
er faktisk freda!
Bildet ovanfor er
gjort slik:
- Kutta ein kvist
av ein syrin.
- Festa denne med
to gummistrikk på eit ekstra fotostativ som eg sette framfor kamera.
(Kunne og ha festa den på eit gjerde eller anna, men eit fotostativ
er flyttbart i forhold til bakgrunnen). På denne måten oppnådde
eg to ting: Kontroll over bakgrunnen og liten eller ingen bevegelse
i kvisten. På rot var knoppane rundt 2,5 meter over bakken og
ville lett bevege seg sjølv i svært lite vind. Og var dessutan
vanskelege å kome nær! Den kutta kvisten var berre 30 -
40 cm lang og godt festa i det ekstra stativet.
- Stilte kamera på
stativ rundt 60cm frå syrinkvisten. Det er nokså nær
nærgrensa for dette objektivet, eit Leitz Macro-Elmar 100mm.
- Bakgrunn: Nokre
glisne busker rundt 3 - 4 meter bak. Ingen greiner nærare enn
det.
- Bakken i nedre
høgre bildekant rundt 10 meter unna.
- Sjø og fjernt
landskap lenger bak. Frå rundt 1 km eller så og bakover.
- Blendar rundt 11
- 16. Om bildet hadde blitt tatt med full opning - 2,8, ville truleg
berre eit svært kort område på knoppane vorte skarpt.
- Stilte skarpt ved
full opning 2,8, og blenda deretter ned til arbeidsblendar rundt 11
- 16.
- Det var lys nok
til lukkartid på rundt 1/250 sek.
- ISO: 500
- Manuelle innstillingar
på lukkar og blendar.
- Manuell fokus.
- Nokre testeksponeringar
fyrst for å sjå at eksponering og fokus vart korrekt.
Stativ?
Om
du brukar makroobjektiv, skal det berre nokre få millimeters flytting
av kamera til før bildet blir uskarpt. Av og til kan det derfor
vere ein fordel med eit stativ. Men korleis skal du kome ned på
marka med eit kamera som står på stativ? Det finst bitte små
bordstativ med fleksible bein som kan bøyast slik at dei kan tilpassast
underlaget. Stativa er berre rundt 12 - 15 cm lange.
Har
du eit vanleg fotostativ med eit stativhovud som kan bevegast 90 grader
eller meir framover/bakover eller til sidene, kan du feste kameraet på
stativhovudet og LEGGE stativet på marka. For at det skal ligge
nokolunde stødig, må du spreie beina på stativet nok
til at det ikkje rullar over på sida.
På
mange fotostativ går det an å snu sentersøyla opp /
ned slik at du har kameraet opp / ned mellom beina på stativet.
Pass på at det ikkje kjem skugge frå stativet på planten.
Til
meir avanserte stativ går det og an å få kjøpt
"utriggarar", slik at kameraet kjem eit stykke ut til sida for
stativet.
Snorutløysar
eller fjernkontroll:
Når du brukar stativ kan det av og til vere ein fordel å bruke
snotrutløysar for ikkje å bevege kameraet i det du trykkjer
ned knappen. Dette gjeld spesielt når du brukar lang eksponeringstid
eller lang brennvidde. Det kan og gjere det lettare å jobbe om du
f. eks. har montert kameraet opp/ ned under stativet for å ta bilde
av plantar.
Det
er ikkje alle nyare kamera som har gjengar for snorutløysar. Då
må du kanskje bruke ein fjernkontroll med eller utan kabel. Merk:
Ein del kamera har sensor for trådlaus fjernkontroll berre på
framsida.Det fungerer til sjølvportrett, men ikkje alltid om du
står ein stad BAK kameraet og skal ta bilde av blomster - eller
du stå langt unna kameraet og skal ta bilde av eit dyr i naturen
- eller av fugl på fuglebrettet.
Vind
og plantar:
Om det er litt vind, vil plantane kunne svaie såpass mykje at dei
blir uskarpe på nærbilde. Av og til går det bra å
løyse dette problemet. Fyrst og fremst kan du prøve å
skjerme for vinden utan at du lagar skugge på planten. Du må
gjerne ha nokon til å hjelpe deg med dette, for det er mykje å
passe på for den som skal ta bildet. Og så kan du stille ISO-verdien
på digitalkameraet høgt. Dermed kan du bruke kortare LUKKARTID,
slik at bevegelsen ikkje blir synleg. Det kan godt hende du må ned
i 1/125 sek eller kanskje 1/250 sek. for å få bildet skarpt.
Prøvar
du å ta nærbilde av STORE plantar i vind, er dette ofte heilt
umogeleg og få til. Lange strå, eller høge stauder
som revebjølle, geitrams og andre store plantar vil svaie så
mykje at dei fer heilt ut av søkarbildet. Også små
plantar med tynn stilk - for eksempel kvitveis - svaiar mykje i vind.
Då får du heller finne deg eit anna motiv den dagen!
KAMERAINNSTILLINGAR
Denne sida innheld ikkje bruksanvisningar for ulike kameramodellar.
Men nokre tips om innstillingar blir presenterte her etter behov.
For lite metning (farge) i bileta?: Syns du at bileta
dine ser litt triste og gråe ut? Ein kan forsterke fargane i bileta
ved å endre innstillingar i kameraet. For Nikon-kamera
kan ein starte MENY og velje "Optimize image".
Der får du då opp mellom anna vala: NORMAL og VIVID. Om kameraet
sto i NORMAL, vil du sjå at fargane blir sterkare om du tar neste
eksponering med valet VIVID aktivert. Her er eksempel:

Tatt med Nikon D80.
Ingen justeringar etter fotografering.
Ein
kan og bruke mange typar bildebehandlingsprogam - for eksempel Photoshop
- for å forsterke fargar og konstraster i etterkant.
Til toppen
FILTER
Eit hjelpemiddel for å dempe lys himmel kan vere å bruke eit
gradert gråfilter. Altså eit rektangulært filter som
er grått i eine enden og klårt i den andre.
Det
er ulike styrkar av desse filtera, 1, 2 eller 4 blendarar grått
(Neutral density) i den mørke delen. Og det finst som regel minst
to versjonar når det gjeld overgangen mellom lyst og mørkt
filter. På nokre er denne overgangen kort, mens på andre er
den lengre. Og nokre filter er også farga - så ein kan ta
"jukse"-solnedgangar eller lage andre effekter
Haldarane
til filtera har ofte plass til TO eller TRE filter utanpå kvarandre.
|
Samansett
av to eksponeringar. På delen til venstre er det brukt Cokin
sitt graderte filter S (Strong), versjonen med mjuk (lang) overgang
mellom blank og mørk del av filteret.
Halvdelen til høgre er tatt med same eksponering, men utan
filter.
|
Leefilters:
Dette er rektangulære filter i eit adapter. Du har ein adapterring
ståande på kvart objektiv, og så skrur - eller vrir
- du berre hovuddelen med filter (og evt. solblendar) av og på dei
ulike objektiva når du skifter objektiv. Sjå heimesidene tl
Leefilters.
Lee er filterprodusent, så du finn og dei graderte filtera på
desse nettsidene.
Desse filtera er breiare enn linsa. Då slepp du at det blir mørke
hjørne på bildet når du brukar polarisasjonsfilteret.
Ein
versjon med "belg" står også på Lee-sida.
Det fine med trekkspel-varianten er at du kan tilpasse solblendaren nøyaktig
til det utsnittet du skal ta. Du berre ser søkaren og passar på
å trekke solblendaren så langt bakover at du ikkje ser den
i bildet.
Cokin Z-serien er ein filterserie som passar for dei
fleste Nikon / Canon-kamera etc. Filtera er av plast, men med bra behandling
bør dei vare lenge. Nettsidene til Cokin finn du HER.
Deler
frå Cokin Z filtersystem: |
|
Tre
Cokin Z graderte filter med ulik styrke. Mjuk overgang mellom mørkt
og lyst område. Det finst og filter med mykje kortare overgang
mellom lyst og mørkt område. |
|
Eksempel
på to adapter for Cokin Z: for 67mm og 82mm gjengar. |
|
Filterhaldar
for Cokin Z |
Også
dette er filter som står i eit adapter på objektivet. Filterhaldaren
og filtera er så store at dei ikke kjem i konflikt med bildet ditt
utan ved SVÆRT vidvinkla objektiv. Dei graderte filtera er rektangulære,
slik at du kan skyve filteret opp og ned alt etter kvar du vil plassere
"skiljet".
Andre
storleikar: Cokin har fleire seriar med same prinsippet: A, P
og W-serien. A og P-serien er for små til vanlege SLR / DSLR-kamera.
W-serien er ein serie med store filter / deler som er større enn
Z-serien. W-serien passar både på DSLR og på mellomformatkamera.
Filtera er laga av glas. Desse kostar ein del meir enn plastfiltera i
Cokin Z-serien..
Til toppen
POLARISASJONSFILTER
Pola-filteret
har følgjande hovudfuksjonar:
- Det
reduserer refleksar i blanke flater - nb: men berre i ei retning,
så du må rotere filteret for å finne ønska
resultat. Tar du bilde av vatn, betyr dette at det både blir
mindre refleksar og at du ser "ned" i vatnet på grunn
av dette. For eksempel kan du kanskje sjå detaljar på
botnen av grunt vatn som du ikkje ville sett utan polafilteret.
-
I sollys reduserer polafilteret lyset (gjer mørkare) blåfargane
på himmelen, mest ved den "storsirkelen" som ligg
90 grader frå sola. Kan bli svært mørk blåfarge
der om det er klår, blå himmel. Også her ser du
endring om du roterer filteret. Sidan polafilteret derfor har ulik
verknad på ulike deler av blå himmel, kan du ved vidvinkel
oppleve at deler av himmelen blir svært mørk blå,
medan adre deler av himmelen nesten ikkje er påverka av filteret.
-
Skjuggar som i hovedsak får lys frå blå himmel blir
og mørkare og blåare. Det betyr at du kan få meir
"struktur" i detaljar på bakken som bli opplyste av
både sollys og lys frå blå himmel (skuggen).
- I
overskya ver har polafilteret relativt liten effekt, bortsett frå
at det reduserer refleksar på blanke flater.
- Reduserer dis.
|
Samansett
av to eksponeringar. Midtre delen tatt med sirkulært polafilter
for Cokin Z-systemet. (Sirkulært eller lineært filter
har med korleis filtera behandlar lyset å gjere - ikkje
om filtera er runde eller kvadratiske!) Omtrent 90 grader på
solretninga. Med polafilter blir den blåe himmelen mykje
mørkare der.
Også
litt magenta fargestikk. Kan korrigerast i etterarbeid.
|
Du
kan av og til oppleve å få mørke hjørne i bildet
når du brukar skrufilter polafilter på vidvinkelobjektiv.
Polafilter som skal skruast på objektivet stikk lenger fram enn
andre filter fordi dei er todelte. Den bakre delen er skrudd fast i objektivet
medan den fremre delen kan roterast for å få korrekt effekt.
Ved bruk på vidvinkelobjektiv kan det derfor hende at du ser kanten
av filteret i bildet. Filtersystema frå Leefilters og Cokin brukar
filter som er breiare enn linsa.
Men
OBS denne om polafilter:
"Et lineært polafilter kan påvirke lysmålingen
i et moderne kamera. Dette fordi et kamera med autofokus polariserer noe
lys i kamera, er lyset allerede polaisert blir det avvik. Sirkulære
polafilter har en konstruksjon som gjør at lyset fremstår
som upolarisert for kameraets målesystem".
Til toppen
HDR
HDR står
for High Dynamic Range (Imaging). Det er ein teknikk for å få
fram detaljar både i djupe skuggeparti og i svært lyse deler
av motivet. Du har sikkert opplevd at himmelen og lyse skyer blir heilt
"utbrende" og utan detaljar. Ei enkelt eksponering av eit motiv
med stor kontrast greier ikkje å få med seg detaljar BÅDE
i svært lyse og i svært mørke parti i motivet. Og dei
mørkaste partia blir berre svarte. Om du prøver å
gjere dei lysare, blir dei berre gråe. Ein må bruke RAW-format
ved fotograferinga når ein skal jobbe vidare med bilda til HDR-bilde.
I menyen på dei fleste digitalkamera kan ein velje at kvar eksponering
skal lagrast BÅDE i RAW-format og i beste JPG-kvalitet. Bruk gjerne
dette som standard.
HDR-bilde
kan og lagast frå ei enkelt RAW-eksponering. Men svært kontrastrike
motiv og meir avansert bruk av HDR krev at du tar ein serie med eksponeringar
på kvar side av den korrekte "normale". Altså eit
antal "undereksponerte og eit antal "overeksponerte" bilde
av nøyaktig same motiv. Som du skjønar vil då BEVEGELSE
i motivet kunne vere ei utfordring, men det kjem vi tilbake til i eit
seinare avsnitt.
HDR frå ei enkelt RAW-eksponering.
Har du tatt bildet i RAW, kan du lage ein enkel HDR ut frå den eine
eksponeringa du har tatt. Eksemplet med ferja nedanfor her er laga ut
frå ei enkel RAW-fil som er lagra i tre versjonar i Camera Raw.
Camera Raw startar automatisk om du prøver å åpne ei
RAW-fil i Photoshop. Photoshop Elements 8 er brukt i eksemplet nedanfor,
men Photoshop CS er og veleigna. Både Photoshop Elements
og Photoshop CS har menyar for automatisering av den
vidare HDR-prosessen, men menyane er ulike i dei to programma.
Det
øverste bildet her er originalbildet frå kamera, utan
justeringar. |
|
Bildet
nedanfor er det ferdige HDR-bildet, basert på TRE ulike lagringar
av bildet i Camera Raw: 2 blendarar under, normal eksponering og
2 blendarar over. Lagra som tre separate bilde i 16bit(!). |
|
Bildet
nedanfor er frå bearbeidinga i Camera Raw. Dette er den
mørkaste versjonen av dei tre som blei laga. Legg merke
til at det er skrive -2 i feltet ved "Exposure" til
høgre. Bildet blir då mørkare tilsvarande
2 blendarar. Denne versjonen blei så lagra med namn "....._1"
Så blei verdien for "Exposure" endra til 0 - altså
same eksponering som originalbildet. Ny lagring av bildet med
namn "...._2". Til sist blei det skrive 2 i feltet for
"Exposure". Bildet blei då lysare tilsvarande
2 blendarar. Lagra med namn "...._3"
Og husk: Det er KUN verdien for eksponering som skal endrast når
du har kome så langt at du vil lagre dei ulike versjonane.
|
|
Når
du har lagra dei tre (i dette eksemplet) versjonane av bildet
som 16bit, merker du alle dei nye filene og åpnar dei igjen
i Camera Raw. Velg "Select all" i menyen til venstre
i Camera Raw. (Dette feltet i Camera Raw er Ikkje med i bildet
ovanfor). Det dukkar då opp ei ramme rundt alle småbilda
til venstre i Camera Raw. Du vel så "Open image"-knappen
til høgre i Camera Raw. Då blir bilda importerte
til Photoshop Elements og du ser "thumbs" for alle dei
importerte bilda i "Project bin"-feltet nederst. På
eksemplet nedanfor ligg den lysaste versjonen øverst, den
som blei kalla "....._3"
|
|
I
Photoshop Elements går du så til menyen oppe til venstre.
Velg:
File > New > Photomerge Exposure > Open all.
Photomerge startar då å bearbeide og blande alle bilda
som ligg i "Project bin". Etter nokre sekund kjem det
opp eit bilde som er eit "forslag" til HDR-bilde. Ser
det ut slik du vil ha det, så er det berre å lagre det
i eit filformat som ikkje gjev så mykje kvalitetstap - for
eksempel .psd eller TIFF. Og så gjer du det seinare om til
jpg eller anna filformat for bruk.
Photoshop CS har andre menyar til dette etterarbeidet:
File > Automate > Merge to HDR Pro |
Du
kan gjerne prøve å justere litt på dei få innstillingane
som finst i Photomerge. Men "forslaget" frå Photomerge
kan godt vere det beste. Ein kan og bearbeide bildet vidare i ulike menyar
i Photoshop Elements, men det tar vi seinare.
Du
har laga eit HDR-bilde!
Importen
av Raw-filer og resten av prosessen i Camera Raw og Photoshop Elements
skjer på same måte som ovanfor også om du har brukt
KAMERAET til å ta 3 - 5 - 7 eller 9 ulike RAW-eksponeringar
av motivet ditt. Ulike kamera har ulike innstillingar for å ta raske
bildeseriar med ulike eksponering, såkalla "brackets".
I
Photoshop CS er menyvala litt annleis for å lage HDR-bilde av dei
importerte filene: File > Automate > Merge to HDR Pro. Her får
du og ein del fleire justeringsval i menyane som følgjer vidare.
HDR-bilde
frå EI enkel RAW-eksponering kan du bruke til å lage litt
betre utgåver av bilde som har store kontrastar. Men sjølv
ikkje RAW-formatet får med seg alt i ei eksponering om det er svært
store kontrastar i motivet.
Også
når du jobbar ut frå ei enkelt RAW-fil, kan du velje å
lagre mange "eksponeringar" av bildet for etterarbeid. For eksempel
9 versjonar med 1/2 blendar forskjell. Då kan du og eksperimentere
med å velje bort versjonar i "Project bin" og sjå
kva som då skjer med det ferdige bildet. Det er ikkje sikkert at
ALLE versjonane skal bidra i det ferdige bildet.
SIKKERHEITSKOPI
AV FILENE.
Når det gjeld
sikkerheitskopi av innhaldet på datamaskina, så finst det
relativt billege automatiske backupsystem som kopierer nye filer til ein
ekstern harddisk på tidspunkt du sjølv har valgt. Kvar natt
- eller ein gong i veka for eksempel. Det betyr jo at PC-en og ekstern
disk må stå på om natta hvis det er då du har
valgt at kopieringa skal skje. Du får sjå kva valg som passar
deg best.
Den billegaste backup-løysinga ligg allereie i Windows om du brukar
PC. Du kjenner den kanskje, men du klikkar altså på Start-knappen
i Windows og skriv "backup" eller "sikkerhetskopiering"
i søkefeltet som då kjem opp. Menyen kan sjå litt ulik
ut i ulike Windows-versjonar. Om du ønskjer at sikerhetskopieringa
skal skje automatisk, så vel du tidspunkt for når det skal
skje.
Så bestemmer du vidare kvar du vil legge backupen. Bruk helst ein
ekstern disk som du berre brukar til denne typen backup. Blir den brukt
til anna, for eksempel til å flytte filer til og frå andre
sine maskiner, kan det fort bli uoversiktleg.
Ein
enkel type backup som eg brukar jamnleg, er å kopiere HEILE innhaldet
på den berbare datamaskina til ein ekstern harddisk som er større
enn HD-en på den berbare. I alle fall dei gongene eg har gjort mykje
arbeid over nokre dagar. Då finst stoffet ein plass, sjølv
om EIN harddisk skulle seie takk for seg.
Men
då må du halde tunga rett i munnen neste gong du tar backup.
Har du sidan sist sletta viktige filer frå datamaskia for å
frigje plass? For du har jo ein backup! Men: Om du kopierer heile innhaldet
på datamaskina og så slettar den gamle backupen, så
er dei nemnde viktige filene BORTE!.
Husk
å lagre slike filer separat på ein sikker plass før
du slettar gammal backup!
Reine FOTO-diskar: Når det gjeld bilde, så
kopierer eg alle biletmapper frå dei maskinene eg har hatt til ein
ekstern HD "Bilder 1" som BERRE inneheld bilde. Det blir jo
ekstra skummelt om denne HD-en skulle krasje. Derfor har eg to LIKE harddiskar,
kalla "Bilder 1" og "Bilder 2" Med ulike mellomrom
kopierer eg heile "Bilder 1" over til Bilder 2". Det ideelle
er om desse to diskane er lagra i ulike bygningar, "Bilder 2"
kanskje i ein bankboks.
Same backupløysing med to diskar kan ein og bruke til andre grupper
av dokument - for eksempel video. Video tar svært mykje diskplass.
RAID: Og så finst det fleire andre løysingar
som tar lik backup på to diskar (eller fleire) i eit kabinett. Desse
kostar i nettbutikkane frå vel 3.000 til knapt 10.000 avhengig av
kapasitet. Hos nettbutikkane finst dei frå 2x2TB på to identiske
diskar og oppover til både 2x4, 2x6 TB harddiskar. Og harddiskane
kan med eit handgrep erstattast av nye diskar når dei "gamle"
er fulle og er klare for å settast på eit trygt lager. Krasjar
den eine disken, skifter du den ut med ein ny av same type, og ingen data
er tapt. Det finst og større og meir stasjonære løysingar,
men der må nok profesjonelle dataekspertar gi deg råd.
RAID-kabinetta
har tilkopling for USB 3 (og USB 2) og Firewire 800 (eller 400), pluss
fleire raske overføringsmetodar. Desse kabinetta må reknast
som stasjonære og blir fort litt klumpete å transportere om
du er van med å reise med ein snerten bærbar. Men dei sikrar
data.
Til toppen
Spørsmål eller kommentarar? Send e-post til:
Inge Bergset
|